My MSN

Click OK to add this content

 
Content Preview: rss
-+Albumslepp
28 days ago
Då har SynKoke sluppe sitt debutalbum: "Hokjønn".  Skikkelig deilig! Det ser ut til at mottakinga er god: "Sjangeren spiller ingen rolle, bandsignaturen er markant, albumet solid balansert med varierte låter innenfor en tematisk helhet av urolig søken langs gode musikalske tema. Samspillet imponerer, det er en gjensidig uro i rytmeseksjon, saksofon, keyboards og gitar som skaper et forlokkende driv og kulminerer i Hauge-hylene." Helge Olsen i BT "Sjølv sympatiserer eg sterkt med dette prosjektet som kan vere improrockmusikkens svar på Side Brok eller liknande, på eit album som i mine øyre tonar ut i den beste sakrale låten, «Koral»." Roald Helgheim i Dagsavisen Fleire anmeldelsar er på veg. Og i mellomtida, kjøp albumet sjølv! På platekompaniet, itunes, Japan, Tyskland eller ein annan stad:)
-+Religion og krig
55 days ago
Eg har byrja å studere historie, som eit støttefag til økonomien, foreløpig, kanskje vert økonomien støttefag til historia. I det verkelege livet er jo økonomien støttefag til historia, eller kanskje omvendt? Økonomien er jo studiet om menneskets grunnleggjande begjær. Jaja. Denne bloggen skulle handle om religion og krig. Det har jo seg slik at religion får skylda for det meste som har med krig å gjere. Det verkar faktisk som om folk flest meinar at religionen har skylda for krig. Etter at Richard Dawkins også gav religionen skylda, kjende eg den gode provokasjonen nådde ein viss varme som skapar tekst. Har du verkeleg så lite trua på mennesket? Trur du ikkje mennesket krigar i sin natur? Kva med dei minst religiøse samfunna i verden: Nord-Korea, Burma og Sovjetunionen? Det er jo dei som krigar mest. Trur du USA krigar grunna religiøse interesser? Religion og krig, ein dum påstand. Vi kan gå til korsfarartoga på 10-11-talet. Hadde det ikkje vore for venetianske handelsinteresser, ...
-+Draumelivet!?
168 days ago
Eg lever draumelivet, nesten. Fryktelig spennande er det i alle fall. Om eit par dagar dreg eg til Danmark med Ponygjengen til PUK studio. Der blir det ei veke med intens innspeling og albumlaging. Vi er handverkarar og kunstnarar. Når eg er tilbake derfra er tre låtar frå SynKokealbumet ferdigmiksa. Då skal vi sjå etter plateselskap til SynKoke. Stipendet for hausten 2009 er innvilga. Det blir nokre skikkelig fine økonomifag. Og eg var på MaxBo saman med min nyutdanna Lifecoacher og kjæreste for å sjå på må inventar til vårt nye investeringsobjekt. Bra liv!
-+Snart stipend
203 days ago
No e d snart stipend. Merkelig med det. I vår he ej i følge det norske studiesystemet ikkje gjort mej fortjent til det. Men d e lett å argumentere for at ej he forjent d. Nok av grunna til å ikkje ta en(to) eksamen i blant. Likevel he vel dei fleste av oss kjent på at gode grunna ofte e god trøst, men ikkje så holdbare når fornuften inntek en. Ikkje d at ej står på den radikale sida som e totalt ufornuftig. Ej he jo tatt et fornuftig valg i vår, sia Pony the Pirate og SynKoke skal gi ut album i høst og livet som musiker... ja... Ka e livet som musiker? D e å våkne opp om morgenen og tenke: Ka skal en gjær i dag? Så finn en på nåkkå veldig kreativt som å leie ei bok på Deichmanske bibliotek: Europa 1300-1550 av Steinar Imsen. Eller å starte en musikkblogg. http://www.norwegian.blogspot.com, eller å kjøpe ei leilighet, eller... ja? ka da?
-+Sommar, sol, sanser, sølfat og andre ting på s
218 days ago
Ej lika livet. Må innrømme d.
© 2009 MicrosoftMicrosoft